Til hovedinnhold
English
Nyheter

Friskmelder Lærdalselvi for Gyrodactylus salaris

Mattilsynet friskmelder Lærdalselvi i Sogn og Fjordane etter at dei siste prøvene viser at lakseyngelen i elva er fri for lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Dette er første gong ei elv er friskmeld etter å ha blitt behandla med aluminiumsmetoden i kombinasjon med små mengder rotenon.
Publisert:

- Denne friskmeldinga viser at strategien med å nytte aluminiumsmetoden i kampen mot parasitten har vore ein suksess. Vi har no fått eit nytt verktøy i kampen mot Gyrodactylus salaris, som tek livet av parasitten, medan fisken overlever. Dette lover veldig bra for den vidare kampen mot parasitten, seier direktør Ellen Hambro for Miljødirektoratet.

Gyrodactylus salaris vart oppdaga i Lærdalselvi i 1996. Sidan den gong er det gjort fleire behandlingar for å avgrense smitten, slik at parasitten ikkje har blitt påvist i nokon andre elver i Sognefjorden.

Omfattande arbeid

Friskmeldinga av Lærdalselvi er eit resultat av eit omfattande arbeid med metodeutvikling, planlegging og gjennomføring av behandlingar, der fleire fagmiljø har vore involvert.

Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for å motverke parasitten, og har finansiert metodeutviklinga og dei kjemiske behandlingane.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var ansvarleg for tiltaket då elva vart behandla i 2011 og 2012. Norsk institutt for vannforskning (NIVA) – saman med Veterinærinstituttet og fleire samarbeidspartnarar – behandla elva med aluminium.

Dei siste fem åra har Veterinærinstituttet – på oppdrag frå Mattilsynet – gjennomført eit friskmeldingsprogram i vassdraget for å dokumentere at behandlingane utrydda parasitten frå lakseelva. Det har vore undersøkt til saman 2155 lakseungar fordelt på 23 stasjonar frå vandringshinderet i Sjurhaugfossen til utløpet i fjorden.

– No som alle prøvene viser at lakseungane er frie for Gyrodactylus salaris, er det ei sann glede å anbefale for Mattilsynet at den berømte lakseelva vert friskmeld, seier forskar Sigurd Hytterød ved Veterinærinstituttet, som er prosjektleiar for friskmeldingsprogrammet.

Ny metode

Tidleg på 2000-tallet gjorde forskarar frå Veterinærinstituttet, NIVA og Universitetet i Oslo eit forsøk med Gyrodactylus salaris og vatn tilsett små mengder aluminium ved elvebreidda i Lærdal. Feltforsøket var den spede byrjinga på utviklinga av ein metode for å fjerne parasitten frå lakseungar, utan å ta livet av fisken i prosessen.

Metoden vart utvikla vidare med finansiering frå Miljødirektoratet. Lærdalselvi har vore sentral i utviklinga av det som no blir omtala som aluminiumsmetoden.

Ved bruk av aluminiumsmetoden vert rennande vatn behandla med aluminiumsulfat, det vil seie hovudelva, sideelver og dei fleste småbekkar i vassdraget. Dammar og vassførekomstar som det er vanskelig å kome til, har vorte behandla med rotenon.

– Nøye tilmålt aluminiumkonsentrasjon fjernar parasitten. Å overføre dette frå laboratorietesting til eit laksevassdrag har vore ei stor utfordring, men friskmeldinga av Lærdalselvi viser at vi har klart å få til dette, seier seniorforskar Atle Hindar i NIVA.

Han understrekar at behandlingane blei gjennomførte med stor innsats og støtte frå Elveeierlaget i Lærdal, Østfold Energi, Lærdal kommune og Lærdalsvener.

Den lokale laksestammen er forsterka

Den lokale laksestammen har blitt forsterka med rogn frå levande genbank. Arbeidet vart leia av Veterinærinstituttet, med god støtte frå lokale aktørar og Ljøsne klekkeri.

– Gytebestandsmålet er oppnådd i Lærdalselvi. Fordi den genetiske breidda frå genbanken no er tilbakeført, vert arbeidet avslutta i 2018, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Som følge av friskmeldinga i 2017, og at gytebestandsmålet er oppnådd, vurderer Miljødirektoratet å endre fiskereglane i vassdraget.

Må forhindre spreiing av parasitten

Dei nasjonale tiltaka mot lakseparasitten har vore ein langvarig kamp med nokre tilbakeslag. Det står i dag berre att to regionar som ikkje er behandla; Driva-regionen og Drammens-regionen.

I Driva-regionen er det bygt ei fiskesperre. I Drammens-regionen vert det greidd ut om det er mogleg å fjerne parasitten i regionen.

Desinfiser fiskeutstyr og hald elva gyrofri

For at Lærdalselvi fortsatt skal halde seg fri for Gyrodactylus salaris, må alle som bruker elva gjere sitt for å hindre at parasitten kjem tilbake.

– Alle må hjelpe til. Fiskeutstyr og anna utstyr som vert brukt i fleire vassdrag, må anten tørkast eller desinfiserast. Langs elvene er det utstyr for å desinfisere. Bruk det, oppmodar seniorrådgjevar Geir Jakobsen i Mattilsynet.

Det er forbode å flytte fisk mellom elver og vatn i Noreg, også mellom ulike delar av det same vassdraget. Sidan parasitten kan overleve fleire dagar i frie vassmasser, må du dessutan vere forsiktig med å flytte vatn mellom vassdrag.

Nedkjemping av Gyrodactylus salaris:

  • Mattilsynet har ansvaret for å overvake, førebygge og setje inn tiltak for å avgrense spreiing av smitte.
  • Miljødirektoratet har ansvaret for tiltak for å utrydde parasitten, bevare laksebestandane, samt bygge opp att bestandane etter behandling.
  • Fylkesmannen i den respektive smitteregionen er tiltakshavar for behandlingsaksjonar mot parasitten, samt bevaring og reetablering av fiskebestandane.
  • Veterinærinstituttet er nasjonalt kompetansesenter for genbank for villaks og for kjemiske tiltak mot parasitten, og er internasjonalt referanselaboratorium. Dei gjennomfører behandling og program for overvaking, friskmelding og reetablering av fisk på oppdrag for Mattilsynet og Miljødirektoratet.
  • NIVA har sidan midten av 2000-talet vore leiande på skånsame behandlingsmetodar mot G. salaris. Aluminiumsmetoden er eit nytt verktøy.

 

Sist oppdatert