To main content
Norsk
Publications

Endring i byråkratiske organisasjonar

Masters thesis
Year of publication
2015
External websites
Cristin
Contributors
Palma Kristin Larsen

Summary

Denne oppgåva tek for seg temaet byråkratiske organisasjonar og endring for å svare på problemstillinga: «Korleis kan byråkratiet forståast som ei fleksibel organisasjonsform?» Eg har teke i bruk ei tradisjonell litteraturstudie, kombinert med meir systematiske arbeidsmåtar, for å undersøke kva organisasjonslitteraturen frå dei siste 15 åra kan fortelje om dette spørsmålet. Oppgåva argumenterer for at byråkratiske organisasjonar er meir tilpassingsdyktige enn dei blir framstilt som, og at byråkrati kan forståast som ei fleksibel organisasjonsform. Denne oppgåva er bygd opp rundt tre hovudargument. Det første er at byråkrati ikkje er i ferd med å gå over til å bli postbyråkrati, men at nye hybridformer av organisasjonar er ein indikasjon på byråkratiet si tilpassingsevne. Det andre argumentet er at den byråkratiske organisasjonsforma er meir fleksibel og tilpassingsdyktig enn den blir framstilt, og at dette kjem fram i forskinga på byråkratiske organisasjonar i litteraturen. Det siste argumentet er at det er det offentlege aspektet ved offentlege organisasjonar, og ikkje den byråkratiske organisasjonsforma, som gjer at offentlege organisasjonar har problem med å løyse oppgåver og nå måla sine. Funn frå litteraturstudia støttar desse tre argumenta, og viser til ein aukande tendens der byråkratiske organisasjonar inkorporerer postbyråkratiske trekk som bidreg til å gjere byråkratiet meir fleksibelt og tilpassingsdyktig, samstundes som dei forsterkar den byråkratiske strukturen og kontrollen i organisasjonen. Dette fører mellom anna til to viktige konklusjonar. Byråkratiske organisasjonar er ikkje i ferd med å gå over til å bli postbyråkratiske, og byråkratiet si evne til å handtere motsetnadar og å ta til seg utfyllande trekk bidreg til å gjere byråkratiet til ei fleksibel organisasjonsform. Desse to konklusjonane kan forståast ved å sjå på delar av organisasjonslitteraturen, der perspektivet på postbyråkratiet som organisasjonsform kan forståast som eit narrativ basert på endringsfokus og byråkratikritikk, i staden for å vere basert på empirisk forsking på organisasjonar. I tillegg kan utfordringane til offentlege byråkrati forståast betre ved å fokusere på det offentlege aspektet ved organisasjonane i staden for den byråkratiske organisasjonsforma, som kan forståast som ei fleksibel organisasjonsform i stand til å tilpasse seg til omgivnadane og nye utfordringar.