To main content
Norsk
Publications

Overvaking av sjøområde i Sund kommune, 2018.

Report
Year of publication
2020
External websites
Cristin
Arkiv
Contributors
Lars Gunder Golmen, Caroline Mengeot

Summary

Norsk institutt for vannforskning, NIVA, bistod dåverande Sund kommune med prøvetaking og måling i sjøområda kring Toftarøy i 2018. Kommunen stod for det meste av feltarbeidet mens NIVA analyserte prøver og stod for rapporteringa. Programmet vart lagt opp om lag som på 1980-talet, med vekt på gransking av tilhøva i djupvatn og djupbasseng. Føreliggande rapport samanfattar resultata frå prøvetakinga. Det er ikkje avdekka negative avvik for tilhøva i øvre sjikt på stasjonane. Ved Eide synes tilhøva å ha forbetra seg sidan førre prøveperiode. Nokre område har framleis problem med oksygen i botnvatnet, med tidvis verdiar ned mot null oksygen. Dette gjeld områda ved Kausland, Glesnes og Steinsland som får karakteristikken «meget dårlig» i hht. dagens klassifiseringssystem for oksygen. Tilhøva har mest truleg ei naturleg årsak (grunne tersklar), men lokale tilførsler kan også bidra og bør avgrensast.