To main content
Norsk
Publications

Hydrografisk kartlegging i munningsområdet til Sogndalselva

Report
Year of publication
2008
External websites
Cristin
Fulltekst
Involved from NIVA
Lars G Golmen
Contributors
Torbjørn Dale, Lars Gunder Golmen

Summary

Sogndal kommune sitt hovudavlaup til fjorden ligg i området utanfor munningen av Sogndalselva, og utsleppet kan moglegvis påverke denne eller munningsområdet. Det vart difor gjennomført eit måleprogram i området sommaren-hausten 2008, for å kartlegge sjiktings- og straumtilhøva. På basis av innsamla data er tilhøva omtalt og i tillegg er det gjennomført modellsimuleringar for utsleppsvatn og elvevatn. Elvemunningen er grunn, om lag 2 m djup. Elvevatnet breier seg utover i fjorden, for det meste rett fram, i eit 1-1.5 m tjukt overflatelag. Straummålingane ga kun svak indikasjon på innoverretta kompensasjonsstraum under elvevatnet. Modellsimuleringane av eit utslepp som ligg på 20 m djup, syner at utsleppsvatnet innlagrar seg i 10-11 m djup eller djupare. Dette er i god avstand til dei elvepåverka sjikta i/nær overflata. Ut frå dette er det konkludert med at det er lite sannsynleg at utsleppsvatnet påverkar elvemunningen eller elva. Det er tilrådd å få verifisert eksakt posisjon og djup for utsleppet, samt storleiken på renseanlegget og vassmengda derfrå. Dersom det då framkjem tydeleg avvik frå dei verdiane som er forutsett i denne studien, er det tilrådd å foreta nye berekningar.