Til hovedinnhold
English
Nyheter

Norsk-japansk samarbeid om karbonlagring

Fangst og geologisk lagring av klimagassen CO2 er ein teknologi med potensiale til vesentleg reduksjon av globale utslepp til atmosfæren. Utprøving av teknologien går føre seg i fleire land, deriblant Noreg og Japan. NIVA samarbeider med Universitetet i Tokyo om å utvikle og forbetre overvakingsteknologi for undersjøisk gasslekkasje og seniorforskar Lars Golmen besøkte nyleg CSS-anlegget på Hokkaido.
Publisert:

Av Lars Golmen, seniorforskar

I Noreg blir  fangstmetodikk testa ved TCM-senteret på Mongstad. I Nordsjøen har Statoil sidan 1996 lagra 1 million tonn CO2 per år under havbotnen ved Sleipnerfeltet, og det er planer om industriskala CO2-fangst frå kjelder på Austlandet, frakting med skip til Hordaland og vidare transport i rør ut til eigna lagringsstad i Nordsjøen. Noreg er såleis langt framme i utvikling av CCS.

Teknologien er først og fremst mynta på store punktkjelder for CO2, slik som kolfyrte kraftverk og tungindustri, og består av dei to hovudelementa CO2-fangst (capture) og lagring (storage), derav den ofte nytta engelske nemninga CCS.

>> Sjå instruktive videoar utarbeida av Japan CCS her

Fukushima-ulykka i Japan i 2011 med påfølgjande stenging av fleire kjernekraftverk i landet medførte at Japan vart meir avhengig av fossilt brensel til kraftforsyninga, med auka CO2-utslepp frå slike kjelder. Geologien i Japan er ikkje den best eigna for lagring av CO2, men landet har likevel satsa på å demonstrere storskala CCS ved eit raffineri i hamnebyen Tomakomai på Hokkaido (sjå kart).

HOKKAIDO

Eg fekk høve til å besøke dette anlegget i januar 2018 og å delta på tokt på sjøen for å kontrollere måleutstyr. På toktet deltok personell frå anlegget, selskapet Kanso samt Tokyo University som NIVA samarbeider med for å utvikle og forbetre overvakingsteknologi. I rådhuset i Tomakomai er det etablert ei utstilling om CCS-pilotprosjektet, som forklarer om bakgrunnen for prosjektet og korleis det fungerer.

Her blir 100.000 tonn CO2 fanga frå avgassar frå eit anlegg for hydrogenframstilling, deretter komprimert og transportert i rør langs sjøbotnen til eit injeksjonspunkt 7-8 km frå land.  Det vert gjennomført eit omfattande kontroll- og overvakingsprogram på og under sjøbotnen og i sjøen for å dokumentere at ingen gass lek ut.

>> For ytterlegare informasjon, besøk prosjektet si heimeside

TOMAKOMAI
Raffineriet i Tomakomai sett frå injeksjonspunktet. (Foto: L. Golmen, NIVA).
Sist oppdatert