Til hovedinnhold
English
Nyheter

Trur på enorm vekst i tareoppdrett

I 2050 kan tareoppdrett langs Norskekysten til saman utgjere eit område på storleik med heile Hardangervidda. Då gjeld det for forvaltinga å vere klar.
Publisert:

– Om ein forstår økosystemet, går det an å hauste mykje utan å gjere skade på det. Då er det mogleg å drive tareindustrien både på ein økologisk og økonomisk berekraftig måte, seier marinbiolog Kasper Hancke ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA).

Han er NIVAs prosjektleiar i eit samarbeidsprosjekt for kommunal tilrettelegging for taredyrking i kystsona. På ei jordklode der havet utgjer 70 % av overflata er dyrkingspotensialet stort, og Hancke har tru på at tare kjem til å verte ei monaleg matkjelde for folk i framtida.

Stort potensiale i Noreg

Norskekysten er lang, med kaldt, næringsrikt vatn. Med andre ord: Forholda er svært godt egna for taredyrking, og næringa kjem til å verte stor. Då gjeld det for forvaltinga å vere klar.

– I 2017 var tareproduksjonen i dyrkingsanlegg i Noreg 145 tonn, og i den skalaen har ikkje næringa noko særleg innverknad på miljøet . Men allereie i 2050 er produksjonen utrekna til å komme opp i 20 millionar tonn. Då må vi forstå korleis taren påverkar kystmiljøet, og vi må forstå terskelverdiane for når taredyrking har negativ innverknad på miljøet, slik at vi kan gi forvaltinga vitskapleg basert vegleiing, seier Hancke.

Kommersiell dyrking av tang og tare er ei ny næring i vekst i Noreg og Europa. I Asia er det lange tradisjonar for taredyrking – som her i Sangou-bukta i Kina. (Foto: Jon Funderud)

Prosjektet, KOM TIL TARE, er, på initiativ frå Herøy kommune, eit samarbeidsprosjekt mellom NIVA, Herøy kommune, Runde miljøsenter og næringsaktørane Tango Seaweed og Arctic Seaweed. Målet er å hjelpe aktørar i gang med tareoppdrett, og samstundes bidra med kunnskap om positive og negative miljøeffektar på økosystemet. NIVA har ansvaret for det siste.

Lista over positive miljøeffektar av tare er lang: Tare kan motverke klimaendringar og havforsuring ved å ta opp CO2, og reinsar havområde som er truga av overgjødsling frå landbruk, industri og fiskeoppdrett ved å ta opp næringsstoff. I tillegg kan dyrka tare kanskje fungere som leveområde for fisk og andre viktige dyr langs kysten der den naturlege tareskogen er forsvunnen, og dermed stimulere til det biologiske mangfaldet. Så er det eigentleg noko negativt med storskala tareoppdrett?

Kan kaste skuggar

Utfordringa er at forskarane framleis veit for lite om spesifikke påverknadar og moglege konsekvensar av taredyrking. Men med ei generell forståing av taren og dei naturlege økosystema i havet går det likevel an å danne eit bilete av kva for utfordringar som kan verte aktuelle, som forvaltinga kan nytte som rettesnor.

– Det er fleire forhold som gjer at industriell tareproduksjon kan påverke marine økosystem, seier Hancke.

Figur02_K Hancke
Sukkertare for analyse. (Foto: Kasper Hancke)

– Det eine er tilgang på lys og næring. Tare er jo ikkje den einaste organismen i havet som treng lys og næringssaltar for å vekse; det same gjeld alle andre éin- og fleircella algar i havet, altså primærprodusentane, som er næringsgrunnlaget for heile økosystemet. Dersom taredyrkinga vert for intensiv, kan konkurransen verte for stor og gå ut over den naturlege produksjonen og livet i eit område, forklarar NIVA-forskaren.

Naturleg tang og tare veks berre på steingrunn der det ikkje er djupare enn at sollyset kjem til. Effekten kan difor vere ekstra stor dersom ein etablerer tareanlegg over slike grunne område og skuggelegg botnen.

Husly for både velkomne og uvelkomne gjestar

Taren dannar leveområde for ein myriade av algar, fisk og andre dyr. Industrielle tareanlegg kan fungere som kunstige rev og lage leve- og beiteområde for fisk, noko som er særskilt velkome langs dei store strekka av Norskekysten der dei naturlege tareskogane har forsvunne. Utfordringa er at det ikkje nødvendigvis berre er dei ønskte artane som finn husly i tareanlegget.

– Tareanlegg kan kanskje fungere som stigetrinn for spreiinga av uønskte artar også, seier Hancke, og forklarar:

– Uønskt påvekst på taren i dyrkingsanlegg kan spreie seg til nærliggjande område ved å frigjere sporar eller setje larvar. I verste fall kan det bidra til ei etablering av dei uønskte artane som trengjer unna dei naturlege artane. Det kan vidare redusere tilgangen til haustbare ressursar. Men framleis veit vi lite om dette.

taredyrking
Lista over positive miljøeffektar av tare er lang: Tare kan mellom anna motverke klimaendringar og havforsuring ved å ta opp CO2, og kanskje fungere som leveområde for fisk der den naturlege tareskogen er forsvunnen. (Foto: Tango Seaweed A/S)

Positivt og negativt for dyrelivet på havbotnen

I mørkeret på havbotnen lever dei botnlevande dyra, nedbrytarane som er avgjerande for resirkulering av næringsstoff i havet. Dei får energien sin frå daudt materiale som fell ned frå havsøyla – som til dømes store tarefragment som vert lausrivne frå tareanlegg og naturlege tareskogar når det er storm og uvêr.

– Større mengder lausriven tare som hamnar på havbotnen kan både ha positive og negative konsekvensar på livet der. På den eine sida er det næring for botnlevande dyr, og auka taretilførsel kan auke det biologiske mangfaldet på havbotnen. Det kan igjen ha ein positiv effekt på næringstilgangen i heile økosystemet. Men dersom det vert for mykje tarematerial på botnen, kan det verte oksygenmangel og giftig nedbryting av materialet, forklarar Hancke.

Ein veit førebels ikkje kvar grensa mellom positive og negative effektar går, men Hancke er i gang med eit anna forskingsprosjekt, KELPPRO, der dei skal etablere slike terskelverdiar.

Figur05_J Gitmark
Taren dannar leveområde for algar, fisk og andre dyr. Industrielle tareanlegg kan fungere som kunstige rev og lage leve- og beiteområde for fisk, noko som er særskilt velkome langs dei store strekka av norskekysten der dei naturlege tareskogane har forsvunne. (Foto: Janne K. Gitmark)

Arealtilgang er avgjerande

Taredyrking er avhengig av sollys og krev store sjøareal. Det er ikkje uproblematisk i ei kystsone der det allereie er mange interesser, som fiske, tråling, naturvern, ferdsel og reiseliv.

– Dersom kystkommunane sett av tilgjengelege areal for framtidig taredyrking, kan det bidra både til ny næring i kommunen og til eit betre miljø når det forvaltast på eit berekraftig vis, oppfordrar Hancke.

Framtidsforsking

Både taredyrkarane og Hancke har god tru på tarenæringa i framtida, som mellom anna vil kunne avlaste eit overbelasta jordbruk. Og ved å liggje litt i forkant av industrien, trur Hancke at taredyrkinga i Noreg kan ha ei berekraftig utvikling.

– Ei rekkje forskingsprosjekt om tare er i gang no, og dei skal gi viktige svar på mange av spørsmåla som vi stilte i rapporten. Når vi veit meir om korleis samspelet mellom tare og resten av økosystemet er, vil det vere mogleg å tilpasse industrien til dei varierande miljøforholda og interessene langs kysten, avsluttar Hancke.

PS! NIVA-rapporten Taredyrking – mulige miljøeffekter, synergier og konflikter med andre interesser i kystsonen vart publisert i april i 2018 og er ein del av samarbeidsprosjektet KOM TIL TARE- Kommunal tilrettelegging for taredyrking i kystsonen mellom NIVA, Runde miljøsenter, Herøy kommune, Tango Seaweed AS og Arctic Seaweed AS. KOM TIL TARE-prosjektet var på initiativ frå Herøy kommune, og finansiert av Herøy kommune og Regionale Forskningsfond.

Sist oppdatert