Til hovedinnhold
English
Publikasjoner

Eksport av ferskvatn frå Tafjord. Innleiande konsekvensanalyse for marint miljø

Forskningsrapport
Publiseringsår
2024
Eksterne nettsted
Nasjonalt vitenarkiv
NIVA-involverte
Pipatthra Saesin
Forfattere
Lars Gunder Golmen, Pipatthra Saesin, Ørjan Sørstrønen Vabø, Karsten Kvalsund Vis alle

Sammendrag

Tafjord Kraftproduksjon AS planlegg eksport av ferskvatn frå Tafjord på Sunnmøre. Eksporten vil skje med tankskip på 50.000-150.000 tonn og lasting tentativt ein gong pr veke. Land i Sør-Europa, Nord-Afrika og Midtausten som hyppig opplever tørke, er aktuelle importørar av vatnet. Uttaket blir 6-9 mill m3 pr år, motsvarande 1-1,5% av den normale årsnedbøren i nedslagsfeltet. Tafjorden med største djup på over 200 m er markert ferskvasspåverka med eit tydeleg brakkvasslag om sommaren. Fjordmiljøet verkar vere bra. Fjorden er del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Føreliggande rapport omtalar miljøtilstanden i Tafjorden og indre Storfjorden, samt skipstrafikk og næring der. Det er lite trafikk i Tafjorden og betydeleg trafikk inn mot Geiranger, der cruiseskip og ferjer dominerer i sommarhalvåret. Eit tillegg på eitt tankskip i veka vil gje lite utslag i trafikken i Storfjorden men vere visuelt merkbar i Norddalsfjorden/Tafjorden. Tankskipstrafikken og uttaket av ferskvatn av nemnde storleiksorden vil neppe få merkbare følgjer for sirkulasjon og økologi i Tafjorden og Storfjorden.