Historisk kunnskap og status for elvemuslingen Margaritifera margaritifera i Aust-Agder
Sammendrag
I denne rapporten er historikk og nåverande statuskunnskap om elvemuslingen i Aust-Agder samanstilt. Det er registrert om lag 1/3 fleire ”nye” lokalitetar med elvemusling i Aust-Agder enn det som har vore kjent frå tidlegare. Dei fleste av desse lokalitetane ligg aust i fylket. Nesten alle registreringane av elvemusling er knytt til den ytre og kystnære delen av fylket. Det er konstatert at det fortsatt finst elvemusling i Storelva (Vegårvassdraget) nedanfor Fosstveit. I Lilleelv i Øyestad er det registrert fleire yngre individ av elvemuslingen, noko som viser at muslingen rekrutterer i denne lokaliteten. I bestanden i Vassbotnbekken i Birkenes er det derimot registrert nedgang i bestanden, og nyrekruttering er ikkje funne. Den største og mest levedyktige bestanden med elvemusling finst i Hammertjennbekken i Risør.
Jarle Håvardstun