Til hovedinnhold
English
Nyheter

Miljøgift-undersøkingar bidreg til å binde Bosnia-Hercegovina saman

I to av dei største elvane i Bosnia-Hercegovina er det gjort opp miljøgift-status. Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har utført undersøkinga i samarbeid med universitet på tvers av dei to delstatane i landet, og målet er å bistå landet i å følge opp pliktene deira om miljøgifter.
Publisert:
Nøkkelforskere
Sissel Brit Ranneklev

Det er over ti år sidan sist gong det vart målt konsentrasjonar av miljøgifter i elvane Bosna og Neretva, to av dei største elvene i Bosnia-Hercegovina. Sidan då har Stockholmkonvensjonen om bestandige, organiske miljøgifter trådd i kraft, og landet er dermed plikta til å avgrense og avvikle bruken av ei rekkje miljø- og helseskadelege stoff. Då er det kjekt å vite kor mykje miljøgifter som finst i miljøet, så ein kan sjå om forbodet har ein reell effekt.

– Til skilnad frå dei fleste andre land i Europa, finst det dessverre lite data om konsentrasjonar av miljøgifter i Bosnia-Hercegovina, fortel forskar og prosjektleiar Sissel Ranneklev ved NIVA.

– Det skyldast mellom anna at landet er veldig delt etter borgarkrigen i Jugoslavia, noko som kjem til uttrykk i den fragmenterte miljøforvaltinga. Det er eit stort behov for å byggje kapasitet for miljøovervaking og analyser lokalt i Bosnia-Hercegovina, seier NIVA-forskaren.

Kvinne vader i elv.
Det er eit stort behov for å byggje kapasitet for miljøovervaking og analyser lokalt i Bosnia, seier NIVA-forskaren Sissel Ranneklev, som håpar på meir samarbeid med Bosnia-Hercegovina framover. (Foto: NIVA)
 

Dayton-avtala frå 1995 sette ein stoppar for krigen i landet, men den administrative strukturen som vart etablert, med heile fem forvaltingsnivå, har vist seg tungrodd både for bygging av fred og for ei aktiv miljøforvalting. Noko eige «miljødepartement» finst ikkje, så Stockholmkonvensjonen er lagt under departement for utanlandshandel og økonomi. For å få gjennomslag for tiltak og endringar må begge delstatane i Bosnia-Hercegovina være samde.

I dette brokete biletet var det NIVA kom inn for å bidra til miljøstatus og samarbeid i landet.

Lokale utsleppskjelder

Resultata frå prøvetakinga synte at konsentrasjonane av mest alle grupper av miljøgifter var under grensenivået som er fastsett av EU gjennom Vassdirektivet. Unntaket var såkalla polysykliske aromatiske hydrokarbonar (PAH-ar), ein stoffgruppe som kjem frå ufullstendig forbrenning av organisk materiale.

– I Bosna-elva var det fleire undergrupper av PAH-ar som hadde høgare konsentrasjonar enn miljømålet til EU. Dette gjeld tre stader i elva der ho renn forbi byen Doboj, eit stykke nord for Sarajevo, så her finst det tydelegvis ei lokal utsleppskjelde. Dessverre finst det så lite data over tid at vi ikkje veit om konsentrasjonane er på veg opp eller ned, seier NIVA-forskaren.

Bosna-elva hadde generelt høgare nivå av miljøgifter enn Neretva-elva, men ettersom Bosna-elva startar ved Sarajevo, medan Neretva-elva renn gjennom store, verna område, var ikkje det så overraskande. Neretva-elva, som startar i søraust og renn sørover, synte likevel teikn på å ha ei lokal kjelde til stoffgruppa PBDE (polybrominerte difenyletarar) i nærleiken av byen Mostar sør i landet. Dette er ei gruppe stoff som vert tilsett i materiale på grunn av sine flammehemmande eigenskapar.

Billig og enkelt

For at miljøgiftovervaking skal vere mogleg å gjennomføre i Bosnia i framtida, er det viktig at metodane for prøvetaking er så enkle og billige som mogleg. Difor testa Ranneklev og kollegaene hennar to ulike typar av prøvetaking: passiv prøvetaking og såkalla høgvolum-prøvetaking.

– Passive prøvetakarar krev svært lite arbeid, ettersom dei heilt passivt samlar miljøgifter frå omgjevnadene over ei tid. Dei fangar opp den ubundne fraksjonen av miljøgifter, han som er tilgjengelege for opptak i vasslevande dyr, og gir slik sett eit relevant mål på miljøgift-konsentrasjonane, fortel Ranneklev.

Høgvolum-prøvetakarar, på si side, krev litt meir arbeid. Dei samlar og filtrerer om lag 200 liter vatn, slik at miljøgiftanalysane kan gjerast både på partiklane som er filtrert frå vatnet og i vatnet separat. Slik måler denne metoden både den bundne og den frie fraksjonen av miljøgifter i vatnet.

En fisk undersøkes på et bord.
Forskarane målte òg miljøgifter i fisk frå elvene Bosna, Neretva og Vrbas. (Foto: NIVA)

– Resultata for dei to metodane for prøvetaking var samanliknbare, men dei har litt ulike bruksområde. Difor er det viktig å vege praktiske og vitskapelege omsyn i kvart enkelt tilfelle når ein vel metode, seier Ranneklev.

Håpar på meir samarbeid i framtida

Ranneklev og kollegaane målte òg miljøgifter i fisk frå dei to elvene, i tillegg til frå elva Vrbas. Desse resultata vert publiserte i 2019, opplyser Ranneklev, som håpar på meir samarbeid med Bosnia-Hercegovina framover.

–Eg håpar at fleire prosjekt kjem i gang i framtida. Vi veit at reinseanlegg med dårleg reinsing slepp legemiddel og personlege pleieprodukt rett ut i elvane, og det er viktig å dokumentere forureininga som det forårsakar, avsluttar Ranneklev.

Studien er utført av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) i samarbeid med universiteta i Sarajevo og Banja Luka. Prosjektet er finansiert av Utanriksdepartementet.

 

Referanser

  1. Harman, C., Grung, M., Djedjibegovic, J., Marjanovic, A., Fjeld, E., Braaten, H.F.V., Sober, M., Larssen, T. and Ranneklev, S.B., 2018. The organic pollutant status of rivers in Bosnia and Herzegovina as determined by a combination of active and passive sampling methods. Environmental monitoring and assessment, 190(5), p.283. DOI: https://doi.org/10.1007/s10661-018-6667-6 https://doi.org/10.1007/s10661-018-6667-6
Sist oppdatert